Detaljer

Tittel: Utgreiing om samlokalisering av fleirbrukshall og helsehus i Kinsarvik
Publisert av: Ullensvang herad
Publiseringsdato: 18.05.2007
Dokumenter tilgjengelige inntil:
Kunngjøring Tidsfrist: 01.06.2007
Tidsfrist klokkeslett: 12:00
Kunngjøringstype: Kunngjøring av konkurranse
Har dokumenter: Nei
Utdrag: Ullensvang herad skal laga ei utgreiing som klarlegg konsekvensane av samlokalisering av ein fleirbrukshall og eit helsesenter i Kinsarvik. Utgreiinga skal visa kostnadsvinsten ved bygging og drift av båe einingane under same tak. Bakgrunn : Heradsstyret i Ullensvang vedtok i samband med økonomiplan/budsjett, at det skulle greiast ut mogelegheit for ei samlokalisering av helsehus og fleirbrukshall i Kinsarvik. Bakgrunnen for dette var to prosjekt som ein fann interessant å sjå i samanheng, etter at den politiske handsaminga enda opp med at ein ynskte å plassere båe funksjonane i Kinsarvik. Helsesenter : Ullensvang heradsstyre vedtok i 1999 at administrasjonen skulle sjå på ei samlokalisering av helsetenestene på austsida av Sørfjorden. Etter at utgreiinga vart lagt fram for heradsstyret i 2000, vart det gjort vedtak om å samordna tenestene i eit påbygg til heradshuset i Kinsarvik, og at private kunne vera med i ei delfinansiering av eit slikt senter. Tenestene som er omtalte i saksutgreiinga er : Legesenter, psykiatrisk sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapi, helsestasjon, tannhelsetenesta og fellesfunksjonar. Det vart, i eit grovt overslag, vurdert trong for 800m2 areal til føremåla, der 370 m2 var avsett til gang-, trafikk- og fellesareal. Fleirbrukshall : Ullensvang aktivitetspark AS har utarbeidd planar om ein fleirbrukshall på Lofthus, og har bede Ullensvang herad om medfinansiering av denne. Dette har vore handsama i formannskap og heradsstyre ved fleire høve, seinast i heradsstyret 11.12.2006, der det vart vedteke at ein fleirbrukshall skulle lokaliserast i Kinsarvik. Eit av argumenta for å plassera hallen her var nærleiken til skulen, og det var av den grunn naturleg å sjå på tilgjengeleg areal i dette området. Bakgrunn for utgreiing av samlokalisering : Arealet i nærleiken av Kinsarvik skule er mellom anna ein campingplass med utbyggingsplanar, slik at tilgjengeleg areal for ein fleirbrukshall av den grunn er sterkt avgrensa. Det var derfor naturleg å sjå på det same arealet som ein i utgangspunktet hadde tenkte for eit påbygg til helsehus. Denne tomta ligg mellom heradshuset og vegen til skulen. Arealet av tomta er knapt 4 mål, og det er ein høgdeskilnad på om lag 10 meter mellom skulen/vegen og heradshuset. Ein typisk fleirbrukshall med ei spilleflate på 20m x 40m treng eit areal på ca. 1000m2 og eit like stort (eller større) tilstøytande areal for garderobar, lager, møterom, sekretariat o.l. Sidan spilleflata i ein fleirbrukshall vert eit minimumsmål for bygget si grunnflate, og denne flata utgjer meir enn det grove overslaget på arealet i eit helsehus, vart det freistande å sjå på mogelegheita for å ha helsehuset i kjellaretasjen på same bygget. Dette vil kunne gjera det lett å ha kontakt mellom helsehuset og heradshuset, samstundes med at fleirbrukshallen kan ha inngang på oppsida, slik at den kan dra nytte av nærleiken til Kinsarvik skule. Det vil også kunne verta slik at helsehuset og fleirbrukshallen, til ein viss grad, kan nytta same lokala. Dette ynskjer me også å få klargjort i denne utgreiinga. Me hadde ein tanke om at det vil kunne verta kostnadseffektivt at helsehus og fleirbrukshall deler på ein del bygningsmessige installasjonar, og har fått stadfesta dette frå kompetent hald. Mellom anna vil dette til dømes sei at det vert bygd berre eitt tak, berre eitt ventilasjonsanlegg og felles tilknyting for vatn, kloakk og straum. Varmepumpe basert på sjøvatn kan kanskje også forsvarast økonomisk. Kva dette totalt kan utgjere skal koma fram av utgreiinga.

Tilleggsdokumenter

Det er ingen tilleggsdokumenter til denne kunngjøringen.

Kontaktinformasjon

Hovedkontaktperson: kjgu@ullensvang.herad.no
Administrativ kontaktperson: Ikke gjeldende
Teknisk kontaktperson: Ikke gjeldende
Annen kontaktperson: Ikke gjeldende

Full kunngjøringstekst

Forenklet kunngjøring av konkurranse

 

1 OPPDRAGSGIVER

1.1

Kontaktpunkt


Ullensvang herad

nærings- og utviklingsavdelingen, Kinsarvik

Kinsarvik

5780

NO



Kjell Gustad

53671554

kjgu@ullensvang.herad.no

n/a

2 KONTRAKTENS GJENSTAND

2.1

Oppdragsgivers navn på anskaffelsen

Utgreiing om samlokalisering av fleirbrukshall og helsehus i Kinsarvik

2.2

Kort beskrivelse av anskaffelsens art og omfang

Ullensvang herad skal laga ei utgreiing som klarlegg konsekvensane av samlokalisering av ein fleirbrukshall og eit helsesenter i Kinsarvik. Utgreiinga skal visa kostnadsvinsten ved bygging og drift av båe einingane under same tak.

Bakgrunn :

Heradsstyret i Ullensvang vedtok i samband med økonomiplan/budsjett, at det skulle greiast ut mogelegheit for ei samlokalisering av helsehus og fleirbrukshall i Kinsarvik. Bakgrunnen for dette var to prosjekt som ein fann interessant å sjå i samanheng, etter at den politiske handsaminga enda opp med at ein ynskte å plassere båe funksjonane i Kinsarvik.

Helsesenter :

Ullensvang heradsstyre vedtok i 1999 at administrasjonen skulle sjå på ei samlokalisering av helsetenestene på austsida av Sørfjorden. Etter at utgreiinga vart lagt fram for heradsstyret i 2000, vart det gjort vedtak om å samordna tenestene i eit påbygg til heradshuset i Kinsarvik, og at private kunne vera med i ei delfinansiering av eit slikt senter.

Tenestene som er omtalte i saksutgreiinga er : Legesenter, psykiatrisk sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapi, helsestasjon, tannhelsetenesta og fellesfunksjonar. Det vart, i eit grovt overslag, vurdert trong for 800m2 areal til føremåla, der 370 m2 var avsett til gang-, trafikk- og fellesareal.

Fleirbrukshall :

Ullensvang aktivitetspark AS har utarbeidd planar om ein fleirbrukshall på Lofthus, og har bede Ullensvang herad om medfinansiering av denne. Dette har vore handsama i formannskap og heradsstyre ved fleire høve, seinast i heradsstyret 11.12.2006, der det vart vedteke at ein fleirbrukshall skulle lokaliserast i Kinsarvik. Eit av argumenta for å plassera hallen her var nærleiken til skulen, og det var av den grunn naturleg å sjå på tilgjengeleg areal i dette området.

Bakgrunn for utgreiing av samlokalisering :

Arealet i nærleiken av Kinsarvik skule er mellom anna ein campingplass med utbyggingsplanar, slik at tilgjengeleg areal for ein fleirbrukshall av den grunn er sterkt avgrensa. Det var derfor naturleg å sjå på det same arealet som ein i utgangspunktet hadde tenkte for eit påbygg til helsehus. Denne tomta ligg mellom heradshuset og vegen til skulen. Arealet av tomta er knapt 4 mål, og det er ein høgdeskilnad på om lag 10 meter mellom skulen/vegen og heradshuset.

Ein typisk fleirbrukshall med ei spilleflate på 20m x 40m treng eit areal på ca. 1000m2 og eit like stort (eller større) tilstøytande areal for garderobar, lager, møterom, sekretariat o.l. Sidan spilleflata i ein fleirbrukshall vert eit minimumsmål for bygget si grunnflate, og denne flata utgjer meir enn det grove overslaget på arealet i eit helsehus, vart det freistande å sjå på mogelegheita for å ha helsehuset i kjellaretasjen på same bygget. Dette vil kunne gjera det lett å ha kontakt mellom helsehuset og heradshuset, samstundes med at fleirbrukshallen kan ha inngang på oppsida, slik at den kan dra nytte av nærleiken til Kinsarvik skule. Det vil også kunne verta slik at helsehuset og fleirbrukshallen, til ein viss grad, kan nytta same lokala. Dette ynskjer me også å få klargjort i denne utgreiinga.

Me hadde ein tanke om at det vil kunne verta kostnadseffektivt at helsehus og fleirbrukshall deler på ein del bygningsmessige installasjonar, og har fått stadfesta dette frå kompetent hald. Mellom anna vil dette til dømes sei at det vert bygd berre eitt tak, berre eitt ventilasjonsanlegg og felles tilknyting for vatn, kloakk og straum. Varmepumpe basert på sjøvatn kan kanskje også forsvarast økonomisk. Kva dette totalt kan utgjere skal koma fram av utgreiinga.

Merk: Ytterligere informasjon relatert til denne kunngjøringen kan være tilgjengelig på Doffin nettsiden på http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=94218.

2.3

Kunngjøringskoder og klassifisering

146Arkitekttjenester
154Ingeniørtjenester
149Sivilingeniør tjenester
1231... Ullensvang

3 PROSEDYRE

3.1

Type anskaffelsesprosedyre

3.2

Saksnummer hos oppdragsgiver (hvis relevant)

n/a

3.3

Tidsfrister

a) Tidsfrist for mottak av forespørsel om deltagelse

    01-06-200712:00

3.4

Utsendelse av anbudsinnbydelse til utvalgte deltagere

 05-06-2007

3.5

Anbudspostkasse

4 SUPPLERENDE OPPLYSNINGER

4.1

Tilleggsinformasjon (hvis relevant)

Arbeidet med utgreiinga må vera ferdig til 15. august 2007.

(NT Ref:94218)

4.2

Ytterligere dokumentasjon

4.3

Publiseringsdato for denne kunngjøringen

 18-05-2007

Ytterligere informasjon

Ingen ytterlige informasjon er lastet opp.